Slagordet er henta ifrå ei kjend Freia-reklame, men passar fint som tittel på innlegget mitt i kveld. Vi visste ingenting – og enda opp med å oppleve nesten alt! Gårskveldens blåtur vart ei oppleving i rare påfunn, mystiske lappar, spaserturar i kjend 71grader Nord-stil, god drikke og god mat. Vi var kledde og utstyrte for alle eventualitetar; med regnkle, dansesko, ved, ballongar, strikketøy, dunjakker, ullkle og ein konvolutt full av pengar! Lite visste vi at dei to blåturfikse-damene hadde finstas under joggebuksene og allværsjakkene sine…
Etter ein strabasiøs og regntung rundt omkring i heimbygda, sette vi oss på bussen og enda opp i næraste storby. Alt vi hadde tenkt, mistenkt og grubla over var berre å gløyme då vi entra storbyen. Alternativa vart for mange og vi gav opp gjettinga. Det var berre å legge kvelden si skjebne i hendene på dei to kompetente blåturfikse-damene! Vi fann fyrste og beste bar og gjekk inn for å vrenge av oss ullkle og fikse litt på håret (vi hadde trass alt vore gjennom styrtregn og stiv kuling!!!). Enkelte av oss vart litt lange i maska då blåturfikse-damene stod der med glitrande paljettar og fjærpryd, og angra brått på at vi hadde kledd oss så forbaska fornuftig (les: joggebukse, fjellsko, joggesko, ullgensar, dunjakke etc).
For å gjere ei lang historie kort, så enda vi opp med å vere med på mitt hittil artigaste julebord! Damene hadde bestilt bord til oss på Teaterfabrikken, der vi kosa oss med fantastisk julemat i julepynta lokaler, og der eit knippe merkverdige og kuriøse kelnerar trippa rundt i lokalet og serverte dei underlegaste historier! Dei var like mykje oppe på borda som nede på golva, og historiene sette latterdørene på vidt gap!
Vi fekk det beste bordet i heile lokalet, med klukkande sjø rett utanfor vindauget!
Den vellukka kvelden slutta som vellukka kveldar alltid gjer: ALTFOR FORT!
Eg gav høgtidlege lovnadar om å ikkje legge ut bileter der dei flotte damene kunne identifiserast. Dette biletet har eg bestemt skal på passere sensuren! Her er nokre av damene, på veg frå Teaterfabrikken, klare for å setje seg på bussen og forlate storbyen!
Tusen takk til dei to kreative blåturfikse-damene og alle deira medsamansvorne undercoveragentar som var med på å gjere denne kvelden mogleg!
Og ja;
vi vart lurt!
Tusen takk!!!

Bilettekst: "Nå er jeg så mett at jeg begynner å bli alvorlig irritert!"


